Lydbad med Elona i Hengjo på Kleppe
Musikkpedagog Elona Dantainte-Laurinaviciene gjer oss ein time med avslapping og lydbad.
Informasjon

Velkomen til lydbad i Hengjo.
Dette blir ein time med avslapping der musikkpedagog Elona Dantainte-Laurinaviciene tar deg og oss med på ei avslappande lydreise. Du kan sitte eller ligge på matte/tepppe. Vi inviterer deg til å gjere det som er best for din kropp.
Nokre av instrumenta som vert nytta er; messingbollar, klokkespel, shruti, fløyte og trommer. Eit lydbad kan vare frå 1- 1,5 time, og etter lydbadet blir det servert te, vatn og frukt. Ta med matte og/eller teppe til å ligge på, og eit teppe til å ha over deg -om du ynskjer.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Kleppe Grendalag og Folkeakademiet VEST
Velkomen.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderast ikkje.