page view image

Pepperkakemysteriet

No tilbyr vi eit annleis, morosamt og spenstig forfattarbesøk, der dei to
hovudkarakterane; Frøken Pomerans og MulkeMonsen skal bokbade forfattaren.

Informasjon
event image

Boka er basert på sceneversjonen ved same namn. Musikalen gjorde enorm suksess

i 2010, 2011 og 2017. Den fekk strålande kritikkar i Bergens avisene, og vart sett av

ca. 10 000 tilskodarar.


Dette er ein fiffig miks av forteljarteater/levande høgtlesing, interaktivt impro-teater

med publikum, samt presentasjon av bilde og illustrasjonar frå boka. Gjennom

bokbadet får borna eit innblikk i kva ein forfattar er, korleis ein forfattar arbeider, og

korleis ei bok vert til. Borna får ikkje berre møte forfattaren, men og figurar frå boka,

sjølvsagt iført kjempefine kostymer frå musikalen.