Skogsprinsessa
SKOGSPRINSESSA
Skogen treng hjelp, er du den rette?
Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!
SKOGSPRINSESSA
Skogen treng hjelp, er du den rette?
Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!
Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i han. Dei
passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. Slik går skogen
rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsesse Alva si tur til å bli
dronning, noko ho har førebudd seg på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på
kroningsdagen. Rykte og vonde tankar spreier seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå?
Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men treng hjelp frå nokon med eit vakent
blikk: menneska.
Praktisk informasjon:
Kle dykk etter vèret: Alt foregår utandørs så kle deg og dine for ver og vind. Det kan vere
lurt å ha med litt å drikke og ete på undervegs, om det vert behov for litt påfyll for dei
minste. Vi kan kome til å bevege oss i noko ulendt terreng- ein må difor vere stødig til
fots. Vi kan også anbefale å ta med sitteunderlag.
Løypa er universelt utforma, men det kan vera greitt med bæremeis for dei minste.
Hundar kan kanskje vera heime denne dagen.
Oppmøte:
Varigheit: Ca 70 minutt (dette varierar noko avhengig av kva tempo gruppa går i).
Gratisbillettar får du her:
Oppmøtestad: Parkeringa ved Foldnes kyrkje
Framsyninga passar frå 3-4 år opptil ca 9
Medverkande:
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Svellingen, Thomas B. Brandt
Skodespelare: Thomas B. Brandt, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Amalie Jensen
Tolo, Stine Svellingen.
Regikonsulent: Jan Neal Holden
Kostyme, rekvisitt- og plakatdesign: Tora Troe
Kostymesyer: Julie Jensen
Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å
skape kulturopplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart vi nominert til
“Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2022 mottok vi Bergen Teaterforenings pris
"Rampeløkten" for vårt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken ynskjer å invitere liten og
stor ut, og inn i vår verd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte.
Framsyninga er støtta av:
Vestland fylke, tilskot til friluftsaktivitet
A/S Bergens teater og det dramatiske selskap
Sparebanken Vest
Øygarden kommune
Øygarden innbyggartorg og bibliotek