Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Jo Asgeir Lie (trekkspel)
Øystein Rudi (fele, hardingfele)
Tom Willy Rustad (kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar)
Erlend Styve (vokal, gitar)
Torsdagskonserten i Pøbben skal være en møteplass ca. en torsdag i måneden. En
intim scene, hyggelig atmosfære og god musikk!
Det er med stor glede og stolthet vi kan presentere KVARTS, som er ei av
folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett
tydelege spor etter seg i norsk musikkliv, med Folkealarmpris og to
Spelemannspriser.
Repertoaret til Kvarts er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk, men hentar
også inspirasjon frå andre musikksjangrar. Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og
eigenkomponert materiale har blitt eit varemerke for kvartetten.
Kvarts har gjeve ut og medverka på ei rekkje cd-produksjonar, i tillegg til å ha gjeve
ut fleire singlar dei siste åra. Den så langt siste cd-produksjonen; Til dans, kom ut i
2023, der Kvarts har valt å spele inn noko av runddansrepertoaret kvartetten har hatt
på programmet i 25 år.
Gruppa har også heilt sidan starten hatt eit ynskje om å utvikle nye konsert-og
formidlingsprosjekt. Det kunstnariske arbeidet har resultert i mange musikalske
samarbeidsprosjekt, mellom andre med Kringkastingsorkestret, Kristiansand
symfoniorkester, Trondheimsolistene, Jonas Fjeld og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.
Kvarts har skrive musikk til ei rekkje tingingsverk, mellom anna for Vossa Jazz,
olkemusikkveka og Rikskonsertene, og har opp gjennom åra medverka i ei lang
rekkje radioog TV- program. Kvarts har turnert i inn- og utland, mellom anna i USA,
Spania og Tyskland