Lydbad med Elona
Musikkpedagog Elona Dantainte-Laurinaviciene gjer oss ein time med avslapping og lydbad.

Velkomen til lydbad i Hengjo på Kleppe.
Det var så fint sist, og no gjer me det igjen i desember. Dette blir ein time med avslapping der musikkpedagog Elona Dantainte-Laurinaviciene tar deg og oss med på ei avslappande lydreise.
Du kan sitte eller ligge på matte/tepppe. Ta med matte å ligge på, noko til å ha under knærne og teppe til å ha på deg. Vi inviterer deg til å gjere det som er best for din kropp.
Nokre av instrumenta som vert nytta er; messingbollar, klokkespel, shruti, fløyte og trommer. Eit lydbad kan vare frå 1- 1,5 time, og etter lydbadet blir det servert te, vatn og frukt.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Kleppe Grendalag og Folkeakademiet VEST
Velkomen.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderast ikkje.